Logo Mobile Positive@3X
Bsk 7

Symjekurs

For oss som bur i ei kystkommune, er det svært viktig å kunne symje. Med det klimaet vi har her på nordvestandet, er det nesten umogeleg å lære og symje i sjøen.

Brattvåg Svømmeklubb ser derfor på dette som ei av sine viktigaste oppgåver. Vi arrangerer 3 symjekurs i året. For å melde born på desse kursa må dei ha byrja på skulen, og dei må ha fylt 6 år når kurset startar. I tillegg må barnet botne i bassenget på den grunnaste delen (ca. 1 meter djupne). Her lærer dei å verte trygge i vatnet gjennom leik og vasstilvenning. Dei lærer óg dei grunnleggande symjeferdigheitene. Her trivst borna og har det gøy!


  • Pulje 1: 17:00 - 17:35

  • Pulje 2: 17:40 - 18:15

  • Pulje 3: 18:20 - 18:55

Alle puljene er inndelte i 4 grupper etter ferdighetsnivå.

Eit symjekurs kostar kr. 1290,- pr kurs, pluss medlemskontingent kr. 100,- pr år. Dei siste åra har vi hatt ventelister for å delta på symjekurs, og difor har vi heller ikkje annonsert i media.

Ynskjer du å melde på nokon, gå inn på Tryggivann sine sider.  Her må føresette registrere seg først, for å kunne legge inn barnet som kursdeltakar. I tillegg må du også registrere deg på Minidrett og linke deg til Brattvåg Svømmeklubb. 

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med Bente Irene Julseth på telefon 90 62 88 25. Det kan vere ventelister, så de får innkalling når det blir aktuelt med kurs. 

Vi forbeheld oss retten til tildeling av kurs, etter venteliste og alder på barn.


*  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  * *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  * *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *  *